OM SJØNÆR FESTIVALEN

«Det byrjar å bli komplett no!»

Ulrik

GREIT Å VITE

Hvem er festivalen for?

Festivalen er delt opp i to delar, entusiastdagane (fredag & laurdag) og familiedagen (søndag). Kjøper du billett gjeld det heile helga frå fredag til søndag. 

Fredagen og laurdagen er for alle over 18 år. Målgruppa er aktivitetsentusiastar, erfarne, aktive og likesinna som ønskjer å dele sin lidenskap for havet. Dei fleste aktivitetane utanom coasteering krev ei form for kompetanse. Du kan lese meir om dette under aktivitetsseksjonen på denne sida.  

Har du følgje som ikkje driv med sport, men ønskjer å delta, så har vi ein redusert billett for din +1.

Søndag er ein familiedag. Du treng ikkje å kjøpe helgebillett for å vere med på frukosten eller delta i prøveaktivitetar. Søndagen er ein gratis festdag for havet. Ein dag der familiar med barn kan prøve vassaktivitetar utan forpliktingar eller erfaring. Aldersgrensa for å delta på vassaktivitetane er 10 år. Utforskingsaktivitetar på land kan alle delta på, uavhengig av alder.

Einaste kravet vi stiller til deltakarar som skal delta i vassaktivitetar eller opphalde seg nær sjøen er at ein må kunne symje åleine utan støtte frå andre og utan symjeringar.

Billettar

Booking av billett skjer via www.hivens.no (billettsalet startar 01. Juni 2024). Her vel du kor mange billettar du ønskjer. Når du går videre for å sjå å handlekorga di får du opp aktivitetsval. Du kan her velje kva paralellaktivitetar du ønskjer å delta i – dykketurar, kayakktur eller coasteering. Kryss av for den aktiviteten du ønskjer å delta i.

Mat og drikke

Lunsj og middag er inkludert i billetten. Måltida blir servert i hovudbygget på Runde Miljøsenter, med unntak av lunsj for kajakkpadlarane, som får med matpakke på tur. Måltida er eit samarbeid mellom Opplev Runde, Julie Cooks Green og Tango Seaweed, og det vil bli ei blanding av vegan/vegetar, kjøt og fisk. Hugs å melde frå dersom du har allergiar som kjøkenet skal ta omsysyn til.

Drikke til måltida er ikkje inkludert i billettprisen. Kafèen har eit godt utvalg av drikke som kan kjøpast til etter ønskje. Kaffe/te er inkludert.

Utstyr

I oversikta over aktivitetar er det lista opp kva krav det er satt til utstyr/sertifikat etc. Dersom du ikkje har alt utstyret som trengs, ta kontakt med oss, så kan vi sjekke om det finst lgjengeleg utstyr for utlån hjå Nord Freediver, Herøy Kajakklubb eller Herøy Dykkerklubb. Det blir laga stasjonar for skylling og tørk av utstyr.

Overnatting

Treng du overnatting, ta kontakt!

Vi har flere overnattingsmuligheter i området.

    1. Runde Miljøsenter – Ground Zero for festivalen – https://www.opplevrunde.no/mat-og-overnatting#booking
    2. Christineborg – https://www.christineborg.no/
    3. Goksøyr Camping – http://goksoeyr-camping.com/
    4. Thon Hotel Fosnavåg – https://www.thonhotels.no/hoteller/norge/fosnavag/thon-hotel-fosnavag/

 

Kontakt

Har du spørsmål om påmelding, program etc, ta kontakt via skjemaet i footeren nede, eller direkte på booking@runde.no

Håper å sjå deg på Runde! =)

Helsing festivalgjengen

«I think there is lot’s of potential to scale up and to get more people on board.»

Julie