SJØNÆR AKTIVITETER
FREDAG
VELKOMMEN
LAURDAG
HAVÆKˊSJEN
SØNDAG
SUNDAY-FUN-DAY
Laurdag blir ein engasjerande dag – spekka full med aktivitetar i nokre av Noreg sine råaste naturomgivnadar. Vi sparkar i gang dagen med yoga før det blir fridykking, apparatdykking, kajakkpadling og coasteering. Du vel sjølv kva aktivitet du deltek på.
Etter aktivitetane blir det festivalmiddag. Vi samlar oss til inspirerande samtalar og foredrag. På kvelden blir det skikkeleg festivalstemning med musikk, servering og sosialisering.
FRIDYKKING
Når det kjem til fridykking eller snorkelsafari, har Runde det meste ein kan ønskje seg; stor tareskog, djupne, bruer, steinar, grotter og skipsvrak.
Bli med å utforske det Runde har å tilby under vatn utan på eitt pust.
Dykkeplassar nåast med båt og vil bli valt i samsvar med vêrforhold og sjøtilstand.
Dette treng du av utstyr:
Dykkardrakt, ABC-utstyr og vektbelte.
Det vil bli lagt til rette for ferskvassrensestasjon ved Miljøsenteret.
Treningar og sertifikat:
Ingen sertifikat er påkravd, men du må ha erfaring med fridykking, snorkling eller dykking i sjøen.


APPARATDYKKING
Øya Runde byr på betydelege utforskingsmoglegheiter for apparatdykkarar.
Akerendam, Arisan, grotter under fuglefjellet, «Grasøyane» og tareskog er berre nokre få høgdepunkt rundt øya.
Dykkeplassar nåast med båt og vil bli valt i samsvar med vêrforhold og sjøtilstand.
Dette treng du av utstyr:
Dykkardrakt, ABC-utstyr, pustar, BCD, regulator, «octopus», 2 tankar. Trenger du luftpåfyll under opphaldet kan dette avtalast med Herøy Dykkerklubb (ekstra kostnad kan påløpe).
Treningar og sertifikat:
Gyldig og aktiv dykkarlisens, forsvarleg helsetilstand for å kunne dykke.
KAJAKKPADLING
Avhengig av vêret er det fleire moglegheiter for kajakk på Runde og i meir lune område rundt naboøyane.
Laurdag:
Dagens turleder legge opp tur etter vær og forhold.
Turalternativ 1: Avansert rute, til dømes – Runde – Grasøyane – for deg som har padla i nokre år, gjennomført lengre turar og distansar og kjenner deg igjen som ein erfaren padlar med erfaring i utsette forhold, vind og bølger. Ca 14 km tur retur rett strekke, omlag 4-6 timar.
Turalternativ 2: Den erfarne ruta, til dømes – sørsida av Runde til fyret på nordsida – for deg som har padla i nokre år, gjennomført lengre turar og distansar og kjenner deg igjen som ein erfaren padlar med erfaring i utsette forhold, vind og bølger. Ca 16 km tur retur rett strekke, omlag 4-6 timar.
Turalternativ 3: Om alternativa over ikkje let seg gjere på grunn av vêret må vi tenke alternativt og finne ein eigna plass som vi diskuterer med gruppa.
Søndag:
Søndagstur: Denne planlegge vi laurdag ettermiddag med gruppa. Vi planlegg turen etter vêrforhold og gruppa sine forutsetningar.
prøv å Padle: Prøv å padle for dei som ikkje har vore i kajakk tidlegare. Herøy kajakklubb tar med seg utstyr og stiller med instruktørar.
Dette treng du av utstyr:
Havkajakk, hjelm, tørr/våtdrakt, varme klesskift, niste, varm drikke, taueline 9-15m, reserve åre. Alt ustyret må vere i orden og klart til padling. (Om du vil leige kajakk og utstyr kan du ta kontakt med Herøy kajakklubb: https://www.heroykajakk.no/)
Treningar og sertifikat:
Minimum NPF teknikkurs hav eller tilsvarande, og ein del padleerfaring
Turleiarane er utdanna gjennom NPF (Norges padleforbund) som Turleiarar og Vegleiarar.

COASTEERING
Coasteering er ein kombinasjon av fjellklatring, symjing og valfri klippehopping. Som du sikkert har gjetta ut frå omgrepet, går aktiviteten føre i kystlandskapet vårt.
Bli med våre guidar med på oppdagingsferd kring kystlinja på Runde. Vi går i samla gruppe og tek oss langs fjøresteinane og havet i det spektakulære kystlandskapet rundt fugleøya.
Aktiviteten passar for dei som er vande med å gå i kupert terreng, er komfortable i vatn og ikkje er redd for ei utfordring. Vi legg opp ruta utifrå erfaringsnivået i gruppa.
Utstyrsanbefaling:
Naudsynt sikkerheitsutstyr får de låne med opplev Runde. Folk må derimot ta med skiftekle og eit godt par sko som toler å bli våte.


FJØREVANDRING
Under denne aktiviteten vil du utforske tidevass-sona saman med vår erfarne økolog. Bli overraska over dei varierte livsformene i dette unike miljøet. Lær om korleis dyr og planter samhandlar og er avhengige av kvarandre på forskjellige måtar.
Du kan til og med bli inspirert til å bruke tang i di eiga matlaging!
Denne turen passar for deltakarar i alle aldrar (3-93). Språk som vert snakka inkluderer norsk og engelsk.
Klesanbefaling:
Kle deg etter vêret. Vi anbefalar tursko eller gummistøvlar, vind- og/eller regnjakke og litt ekstra varme klede.